Alkoholfritt
Eplemost og lammeskinn får du kjøpt i gardsutsalet vårt. Er me ikkje ved gardsutsalet kan du ringa sideri-telefonen, så kjem me så snart me kan. Det kan vera lurt å ringa på førehand dersom du kjem eins ærend for å handla hjå oss!
Tjoflot Eplemost
Eplemosten vår inneheld 100% eple frå Tjoflot.
Det varierer med åra kva type eple me pressar til eplemost. Alle variantane passar godt både til sundagsfrukosten, som leskane og kald drikke på varme sommardagar, og som alkoholfri drikke i små og store selskap.
Me sel porsjonsflasker på 0,35 liter, og bag-in-box på 3 liter og 5 liter.
Lammeskinn av gamalnorsk spælsau som har beita på Tjoflot og Oksen.
Kr. 1600,- per skinn. Kan sendast i posten for kr 200,- i tillegg. Ta kontakt dersom du ynskjer å bestilla skinn levert i posten. Me får ulike fargar kvart år. Det kan vere nyansar av grå, brun, svart og kvit. Storleiken varierer.
