Skal du ta deg ein skikkeleg fottur i Hardanger er Oksen å anbefala!

Alle foto: Fotograf Terje Skåre

Om turen: 

På Oksen får du panoramautsikt over Hardangerfjorden.

Det er fleire stiar som fører til Oksen. Stien som startar på Tjoflot er attraktiv fordi det er den som fører deg raskast til topps, og det er mange fine utsiktspunkt på vegen. 

Turen er middels krevjande. Frå parkeringsplassen er det om lag 900 høgdemeter å gå til topps på sommaren. Det tek om lag tre-fire timar å gå i roleg tempo opp, og litt mindre ned att. 

Det er mogleg å fylle drikkeflaska ved stølen Vindhovden.

Hugs gode sko, matpakke og varme, vindtette klede å ha på seg på toppen. Me anbefalar at du reiser tidleg på dag, slik at du kjem deg ned att før det bli mørkt.

Dersom du vil ta ein tur innom gardsutsalet på veg heim kan det vere lurt å ringe oss i forkant, så du er sikker på at me er heime.

Til Oksen på ski: 

Oksen er populær for dei som likar topptur på ski (langrennski er ikkje å anbefala) i påsken. Pass på å undersøka fare for snøskred før turen, og snu viss du ser at det kan vera snøskredfare undervegs. Ein må vanlegvis bera skia til ein kjem ut av skogen ved stølen Vindhovden (580 moh). Det er ikkje merkt vinterløype frå Vindhovden til Oksen. 

Parkering: 

Det er tre plassar langs skogsvegen kor ein kan parkera bilen. Den første plassen er den gamle snuplassen som mange kjenner frå før. Det er no mogleg å køyra vidare og parkera midtvegs eller heilt i enden av skogsvegen, så langt du kjem med bil. I påsken vert det ikkje brøytt til dei to øvste plassane, då den siste vegstrekninga er for bratt på vinterføre. 

Vegen er privat og det er difor vegavgift; 100 kr for personbil og 200 kr for bubil per døgn. Ein kan betala med Vipps eller kontant. Sjå infoskilt på staden. 

Toalett: 

Det er førebels ikkje lagt tilrette for anna enn ein privat utedo på Vindhovden. Ein må ta med toalettpapir sjølv, og søppel tek ein med heimatt. 

Ver venleg, vis omsyn: 

  • Det går sau på beite på sommarhalvåret. Hald hundar i band

  • Ta med deg søppel heimatt

  • Ikkje tenn opp bål i skogen, då det kan vere fare for skogbrann.