Jobb hjå oss

Me treng hjelp i tynninga ca. 15. juni - 31. juli og i haustinga ca. 3. august – 16. oktober 2026. Du kan velja tynningsperioden eller haustingsperioden, eller vere med oss på begge deler. Me treng ein person alle arbeidsdagar i denne tida. Eller du kan ta med deg ein ven og de kan jobba halvparten av tida. Typiske arbeidsoppgåver er:

Juni: plommetynning

Juli: epletynning

August: plommehausting

September: eplehausting

Oktober: eplehausting og eplepressing

Andre moglege arbeidsoppgåver innimellom: slå og ta inn høy, måla hus, vedlikehaldsarbeid på garden, evt litt hagearbeid, hjelpe til med dyrking, slå gras mellom epletrea, ta seg av kundar i siderutsalet.

Kven er du?

-       Ein hyggeleg person som trivast godt både i eige selskap medan arbeidet står på, og i lag med andre

-       Du er vant til/ villig til å jobba med fysisk arbeid og har ein frisk rygg som kan bæra eplelaupane (behaldaren du plukkar oppi)

-       Du toler fint å vera ute i all slags vær

-       Du treng ikkje å ha erfaring om tynning og hausting, men me set pris på om du lærer fort, og jobbar effektivt

-       Me er i fyrste omgang ute etter nokon som beherskar norsk, slik at det vert lett å kommunisera for dei du skal samarbeide med

-       Sertifikat for traktor er ikkje naudsynt, men det er eit pluss om du har det

-       Det er ein fordel om du har bilsertifikat og bil, slik at du kan komma deg ut av grenda på eiga hand på fritida

-       Fortel oss gjerne om du har andre eigenskapar du tenker kan vere aktuelle for oss

Kva kan me tilby:

-       Løn etter avtale

-       Me har ei lita leilegheit med eit soverom til disposisjon på garden

-       Flotte turmoglegheiter og naturskjønne omgjevnader, med moglegheit for å overnatte på stølen på fritida

-       30 min køyretur til næraste tettstad med butikk, kafe, bibliotek osb... og 1 time køyretur til Voss

Litt om oss:

Bjørnar og Brita, begge 35 år, driv gard med eple- og plommeproduksjon på vakre Tjoflot i Hardanger. Me leverer frukta til Gartnarhallen, og produserer sjølve sider og eplemost som me sel på garden. I tillegg har me 10 sauer som kjem til å gå med lam på fjellet. Me er begge i 100% jobb utanom garden, men Brita kjem til å vere i foreldrepermisjon denne tida. Me har då to barn. Det er svigerfar Samson som kjem til å vere mest med ute i eplehagen. Han er pensjonert frå jobb som lærar på jordbrukskule.

Lurar du på om dette kan vera noko for deg, så berre hiv deg rundt og spør!

Søknadsfrist: torsdag 9. April

Sjå kontaktinfo under.

Bjørnar Tjoflot og Brita Underdal

Kontakt oss

Adresse:

Tjoflot sideri

Tjoflotvegen 1730

5734 Vallavik

Tlf: 98 61 31 22

E-post: tjoflotsideri@gmail.com