Siderane våre

Kvart år haustar og pressar me eple på garden vår. Alt me pressar vert til rein eplemost. Men noko av eplemosten får eit nytt liv i sidertankane våre. Der blir mosten gjæra i fleire månader før me kan tappa dei edle dropane som eplesider.

Sideren kan du få kjøpt i det vesle gardsutsalet vårt på Tjoflot i Hardanger. Sjå meir info nedst på sida her.

Svartakari

Årgang 2025

0,75 l

6,4 % alkohol

Eple: Discovery, gravenstein og aroma

Syre g/l: 9 Sødme g/l: 20

Allergen: Sulfitt

Halvturr og smaksrik, perlande og fyldig. Passar godt i lag med mat. Spesielt ost, taco, pinnekjøt og ribbe. 

Naust

Årgang 2025

0,75 l

6,9 % alkohol

Eple: Gravenstein, aroma, summerred og discovery

Syre g/l: 11 Sødme g/l: 16

Allergen: Sulfitt

Turr og perlande, frisk og syrleg. Ein klassisk hardangersider som smakar godt både åleine og i lag med mat, til dømes fisk.

UREIST med honning

Årgang 2025

0,75 l

7,4 % alkohol

Eple: Gravenstein

Inneheld: Honning

Syre g/l: 6 Sødme g/l: <5

Metode: Spontangjæra. Andregongsfermentert med honning på flaska, som gir naturlege boblar.

Knuskturr med naturleg sprudl. Ureist-siderane våre inneheld berre råvarer frå Tjoflot. Ureist med honning er tilsett honning frå bier som har beita på epleblomane på Tjoflot.

UREIST syrefest

Årgang 2025

0,75 l

7,9 % alkohol

Eple: Gravenstein og Karin Schneider

Syre g/l: 7 Sødme g/l: <5

Metode: Spontangjæra. Andregongsfermentert med frysekonsentrert eplemost av Karin Schneider på flaska, som gir naturlege boblar.

Knuskturr med naturleg sprudl. Ureist-siderane våre inneheld berre råvarer frå Tjoflot.